Bondeungdomslaget kjøper gard paa Grünerløkka

«Den 17de mai», 31.5. 1918: Representantskapet i Bondeungdomslaget hev kjøpt garden Olaf Ryes plass 8 for 76000 kr. + kostnad. Det er ein murgard fraa 90 aari. Som ein ser paa bilætet er det hyrnegard, og han ligg laglegt og vakkert til ved Olaf Ryes plass. Endaa meir unelegt[1]trivelig vert det naar bygartnaren um ei tid fær stelt paa Olaf Ryes plass so det vert ein av dei aller vakraste plassarne i byen.

Naar representantskapet hev gjenge til aa kjøpa denne garden, so er det mykje av umsyn til kaffistovegjenturne. Det vert verre og verre aa faa husrom her i byen, og den dagen er vel ikkje langt undan daa laget sjølv lyt syta for husvære til alle tenestefolki sine. Tridje høgdi i denne garden høver seg godt til husvære. Det hev butt nokre kaffistovegjentur der i vinter og dei hev lika seg godt. Der hev ikkje vore so mange i vinter; men naar alt vert tilbudd vil ein venteleg faa rom til burtimot 30.

I andre høgdi hev laget tridje kaffistova si, den unelege Grünerløkkstova, som vart sett i gang i fjor haust. Ho skal sjølvsagt verta drivi som fyrr, det vert fleire og fleire for kvar tid som finn vegen dit.

I fyrste høgdi hev Bondeungdomslaget havt ein liten lesesal i vinter, og venteleg vert det lesesal der komande vinter og. Ei manufakturforretning hev dei andre romi i fyrste høgdi.

Folk som skynar seg paa det, segjer at laget hev gjort ein tolleg god gardhandel.

Olaf Ryes plass 8. Foto: Google maps.

References

References
1 trivelig